Henrik H. Langeland

Henrik H. Langeland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1972 (51 år)
Yrke skribent
Henrik H. Langeland på Commons

Henrik Helliesen Langeland (fødd 19. november 1972) er ein norsk litteraturvitar og forfattar fødd i Oslo.

Langeland debuterte i 2000 med romanen Requiem. Romanen Wonderboy frå 2003 vekte mykje merksemd. Romanen skildrar tilhøvet mellom IKT- bransjen og forlagsbransjen kring tusenårsskiftet. Ein ambisiøs forretningsmann ynskjer å sameina det beste frå den gamle økonomien og den nye økonomien. Den nye økonomien var mellom anna rekna å vera IKT- føretak der aksjekursen såg ut til å stiga i all æve.

Langeland har sjølv vore management trainee, ei leiaropplæring, i mediekonsernet Schibsted ASA. Langeland er utdanna innan litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Frå 2005 og ut 2007 var han redaktør i det litterære tidsskriftet Vinduet. Tidsskriftet vert utgjeve av Gyldendal Norsk Forlag.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search